Geriljastrømming

Opptak av gjesteforelesing med min gamle mobiltelefon med tripod og straum via USB-ledning.

Opptak av gjesteforelesing med min gamle mobiltelefon med tripod og straum via USB-ledning.

Det er mange spennande møter, debattar, gjesteforelesingar og anna som foregår på UiB. Det er ikkje alltid ein har anledning. Kanskje du har venner i andre byar som gjerne ville fått det med seg. Løysinga er å strømme det. Det kan kven som helst gjere ved hjelp av mobiltelefonen og ein app!

Sjølv har eg strømma alt frå valgkampdebattar til gjesteforelesingar. Det er kjekt å dele det så andre kan sjå, og få det med seg sjølv om dei ikkje er der. Ofte deltar folk gjerne i debattane via Twitter.

Her er nokre gode tips til korleis du kan gjere det og få god kvalitet på det du gjer.

App

Du må ha ein app for å strømme video. Sjølv brukar eg Bambuser, men det finnast også andre der ute.

Bilde

Mobiltelefon er etter mi erfaring betre å bruke enn eit webkamera kobla til ein laptop, fordi du kan zoome.
Typisk vil du enten zoome inn på den som snakkar, eller zoome så slides som vert vist kjem med.

Hugs å rense linsa. Kameralinsa på mobilar blir fort kladdete, så det er lurt å tørke av den før du begynner.

Bilde av zoom / ikkje zoom på Kvarteret si generalforsamling

Stativ

For å få godt bilde er eit stativ absolutt å anbefale. Du treng berre eit lite stativ med tre bein («tripod») som har eit feste som passar til din mobil.

IMG_0487

Frå strømming av Kvarteret si generalforsamling.

Lyd

Dei fleste tilbakemeldingane eg får på strømmen er lav lyd. Dei som høyrer på må då skru opp volumet, og då får ein fort ein jamn sus av bakgrunnsstøy.
Dette kan du løyse ved å plassere deg langt framme, og be om at mikrofonar vert brukte. Sjølv om ein høyrer kva som er vert sagt bakerst i lokalet er
det gjerne ikkje like godt for dei som høyrer på over internett.

Løyve

Du bør alltid spørre foredragshaldar og deltakarane i ein debatt om det er greitt at debatten vert streama. Ofte stiller publikum spørsmål, og blir dermed med på opptaket, så du bør også opplyse på begynnelsen om at det vert streama.

Straum

Sørg for å ha nok straum på mobilen. Enten ved å ta med straumadapteren på førehand. Om du ikkje har stikkontakt i nærheita så må du gjerne til med skøyteledning.
Ei enklare løysing er å ta med laptoppen og la den lade mobilen.

Internett

Sørg for at du har nettverkstilkobling. WiFi-nettverket på UiB sin campus (inkl. Kvarteret) pleier å vere god nok. Av og til dett WiFi-ut, og ein må starte sendinga på nytt. Her kunne Bambuser fint hatt ei meir robust løysing så ein unngjekk dette.

Mobiltelefon-innstillingar

Det er to innstillingar du må ordne før du set i gong.
Skru mobilen på lydlaus. Og ikkje ha på vibrering. Å høyre ein SMS kjem og heile telefonen vibrerar er ikkje å anbefale :)
Det beste er kanskje å setje den i flymodus så du slepp at nokon ringer deg midt under sendinga, men hugs at du treng trådlaust nettverk.

Dei fleste mobilar går gjerne i dvale om du ikkje har trykka på skjermen etter ei viss tid.
I innstillingane kan du skru av denne auto-låsen.
Eg har vore borti at sendinga har stoppa opp når mobilen gjekk i autolås.

Spre ordet

For at andre skal få glede av streamen er det lurt å spre ordet!
Ideelt sett på førehand, ved at det er opplyst om at det blir streama på nettsida for arrangementet, Facebook-hendinga etc.
I det du set i gong med streaminga kan du legge ut lenke til streamen på Facebook-hendinga og på Twitter.

App-innstillingar

Så lenge du har god internett-forbindelse, sjekk at bilde- og lydkvalitet står på høgaste innstillingar i Bambuser.

Korleis blir dette sjåandes ut?

Du kan ta ein titt på mine tidlegare opptak her: http://bambuser.com/channel/livarb

Kl. 16.30 i dag begynner Kvarteret si generalforsamling, som eg skal streame.
Følg med på #DAKGF og Facebook-hendinga for lenke til streamen.

Håpar å sjå fleire som driv med geriljastrømming framover :)

Leave a Reply

  • (will not be published)