Kva kan ein lage med opne data på ei helg?

Helga fredag 30. januar til søndag 1. februar var det hackathon på Bergen offentlege bibliotek. Deltakarane såg på kva nye appar og tenester ein kunne lage ved hjelp av opne data.

Ikkje kjent med opne data? Det er data, eller informasjon om du vil, som er gratis, tilgjengeleg for alle, kan brukast fritt, i eit opent format og er maskinlesbare.
For ein kjapp introduksjon om kva det betyr, sjekk Difi sin bloggpost, «Åpne data for dummies». Vi lovar fleire bloggpostar knytt til opne data i løpet av våren!

Vi starta fredagen med inspirasjonsforedrag:

2:55  Start
7:08  Lyd blir skrudd på
17:25  Kjartan Olsen fra Bouvet
25:52  Erlend Klakegg Bergheim fra Difi om Opne data
45:46  Andreas Opdahl, professor på UIB om semantisk web
1:09:55  Yngve Ødegård, utvikler som jobber med prosjektet Bergen Musikkhistorie ved Bergen Offentlige Bibliotek som er et semantisk web-prosjekt.
1:28:50  Michael Menk fra UIB, om opne data
1:44:12  Nils Norman Haukås, uteksaminert masterstudent deler erfaringer på å være på hackathon
1:53:52  Dag Hellesund, redaktør i På Høyden, presenterer en oppgave

 

På søndag var det tre lag som hadde laga kvar sin webapp. Alle var svært gode idear som dei hadde sett ut i live, så det var vanskeleg å kåre ein vinnar.

Trua artar

Med denne webappen kan du velje eit fylke for så å få opp oversikt over trua plantearter som er observert i fylket.

2015-02-06 11_08_41-Endangered plants in Norway

Trykker du på ein av artane i lista til venstre så får du opp informasjon om arten frå Wikipedia, og i kartet kan du sjå kvar den har blitt observert.

2015-02-14 19_44_25-Endangered plants in Norway

Dataene er henta frå Artsdatabanken og engelsk Wikipedia.
Prøv sjølv på http://redlist.thunemedia.no/
Kjeldekoden for komponentane i appen finn du på https://github.com/team-fez

Team Fez bestod av:

  • Torstein Thune
  • Snorre Magnus Davøen
  • Ruben Oen
  • Andrea Cresta

Stortingsdata

Nysgjerrig på kva som skjer i Stortinget og korleis det fungerar? Eller journalist som vil undersøke behandlinga av ei sak?

Ved hjelp av opne data frå Stortinget kan du slå opp saker, og sjekke voteringsresultat.
Her er oversikt over nyaste behandla saker. Merk at du kan slå opp på tema, f.eks. Energi.

Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.10.55

 

For kvar sak kan du sjå resultata i dei enkelte voteringsrundene, og kor stor del av salen som stemte for/mot, eller ikkje var til stade.

Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.11.26 Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.11.36 Skjermbilde 2015-02-01 kl. 21.11.43

Kjeldekoden finn du på GitHub.

Team Ruby bestod av:

  • Richard Haugen Olsen
  • Sondre Langeland Hisdal
  • Bjarte Johansen

og til slutt, vinnaren av hackathonet:

Konkursvarsleren

2015-02-06 14_46_37-konkursvarsleren.no

Når du loggar inn så kan du legge til organisasjonar frå Enhetsregisteret.

2015-02-06 14_47_40-konkursvarsleren.no_list

Dersom nokon av bedriftene på lista di går konkurs, så får du varsel på e-post og kan melde di interesser til konkursboet, t.d. om du har uteståande hos selskapet.
Med organisasjonane i dømet over reknar eg ikkje med å få så mange e-postar.

Du kan prøve tenesta på http://konkursvarsleren.no/
Der finn du lenker til kjeldekode og kva datasett som er brukt.
Ein loggar seg inn ved hjelp av brukarkontoen ein har på GitHub.

hackathon_vinnarar
Laget bestod av, frå venstre:

  • John Fredrik Asphaug
  • Torstein Saltvedt
  • Morten Linderud
  • Erlend Klakegg Bergheim

Vegen vidare, nytt hackathon

Ingen av dei tre laga nytta opne data frå UiB i sine løysingar. Lista over trua artar kan likevel vere nyttig i undervisning. Ved institutt for biologi har dei eit senter for framragande utdanning (SFU), bioCEED. Kanskje dette er interessant for dei å sjå på?

Siste veka i mai vert det kanskje eit nytt hackathon. Har du lyst til å delta?

Bli med i Facebook-gruppa Open Data Bergen for å få med deg kva som skjer.

På Høyden-prosjekt

På Høyden presenterte ei mogeleg oppgåve (sjå video frå fredagen), og det er eit prosjekt dei jobbar med å få realisert. Interessert i å vere med å utvikle det? Ta kontakt med dag@pahoyden.no!

Om hackathonet

Hackathonet vart arrangert av Anette Bergo (Bouvet), Livar Bergheim (UiB/ITA) og Gaute Gjerløw Remen (UiB) i Open Data Bergen i samarbeid med Herdis Moldøen frå Bergen Offentlige Bibliotek.

Vi takkar alle deltakarar, inspirasjonsforedragshaldarar og frammøtte til dei opne arrangementa for at vi fekk til ei spennande helg. Vi takkar også sponsorane Bouvet Bergen for mat og premie, Red Bull for drikke og A7 print for banner.

Redigert: la til bilete av vinnarlaget og tekst om hackathonet, arrangørar og sponsorar.

3 Responses to “Kva kan ein lage med opne data på ei helg?”

  1. John-Arvid Grytnes on

    Spennende prosjekt! Og appen med trua arter er absolutt interessant for noe vi holder på med på bioCEED. Vi har laget en app for identifisering av arter (ArtsApp: https://scholar.uib.no/bioceed/artsapp) hvor vi også tar sikte på å bruke dataene fra Artsdatabanken til å fortelle oss hvor sannsynlig det er å observere en art i det området vi befinner oss. Her er det sikkert mulig å lære noe fra den løsningen Team Fez har brukt:)

    Hilsen John-Arvid